Det eg skal skriva om i dag er rett og slett tekstar frå middelalderen. Eg skal skriva om kva verdi dei har for oss som levar i dag. Det fyrste eg tenkje på når eg lese desse tekstane er korleis dei hadde dett før i tida, kva det var som var viktig for dei på den tida når dei levde og korleis samfunna var på den tida. Vanlegvis gjekk forteljingane munnleg frå person til person. Me kan sjå at det var ulike litteraturstilar på den tida også, dei brukte ofte rim og rytme som gjorde slik at tekstane var mykje lettare å hugse. Me bør ta vare på desse gamle tekstane her, dei hjelpe oss me å få eit innblikk i korleis det var før i tida.
Tekstar som eddadikt som er frå middelalderen handlar om gudar og heltar, noko som er typisk for tekstar frå middelalderen. På den tida der var dei veldig opptatt av gudar, det verker i alle fall slik for meg. Det me må hugse er jo det at det var ikkje religionar på den tida der. Dei hadde ulike gudar dei dyrkar. Slik som Tor med hammaren, Frøya og Odin. I dag så har me altså fem store ulike religionar me kan tilbe, å dei kommer frå ulike verdsdelar rundt om i verden.
No skal eg fortelje deg om ein islendingesagae som eg har lest, den heiter ”Egilssoga”. Det eg skal gjer er at eg skal snakka om eit utdrag frå denne sagaen. Kva verdi har denne teksten for oss i dag tru?
I dette utdraget som eg har lest bler me kjende med ein gut som heiter Egil. Han var svært sterk for alderen. Egil hadde også veldig lett for å bli fort sint. I dette utdraget skreiv dei om ein ball leik som dei dreiv med Kvitåvollane heilt i starten på vinteren. Allereie her kan me sjå at sport var eit aktuelt tema på den tida. Den ball leiken dei leika der var gjerne begynninga på fotballen? Kem veit.
Så komme det noko som gjerne er litt for brutalt for i dag. Det står at Egil tar ei øks og hogg i hjernen til ein annan gut. Måten dei skreiv det på gjorde slik at det verka ikkje så uvanleg på den tida. Det var jo vikingtida, og kanskje var det vanleg då. I dag kan det også skje slike ting som dette, men då er det noko gale med dei. Dei bler også straffa for det. Før i tida såg kanskje ikkje folk på dette som brutalt slik som me gjer i dag. Ikkje veit eg, men eg syns det er brutal i alle fall.
Måten som denne teksten er satt opp på kan vi kalle en sagastil. Me skriv ikkje på denne måten me. Når me lesar slike tekstar som dette lærer me mykje om litteraturens historia, som er bra for oss. Den fortelje oss også om korleis samfunnet var i middelalderen. Det gjer slik at me kan sjå og samanlikne tida før, og tida no. Tekstar frå middelalderen har etter mi meining ein verdi for oss som levar i dag, dei er viktige for oss.
No skal eg gjere noko heilt ut av det blå. Eg skal byte tema frå tekstar frå middelalderen til korleis det har vore å brukt wiki som arbeidsmetode. Måten som me har arbeidet me desse wikiene har vore gøy. Det syns eg verkeleg. Det er fordi eg likar å arbeide samen med andre elevar. Eg likar samarbeid. Det er kjekt og motiverande å arbeide på ein anderledes måte enn før, ikkje berre det same som me alltid gjer. Arbeide for oss sjølv og levere inn i løpet av timen. No arbeidet me i grupper med eit såkalla prosjekt som varte over lenger tid. Me lærte mykje nytt med å arbeide med wikiane. Som å bruke ulike kilder på dei rette tidspunkta, og korleis man kunne gjere wikien meir interessant å sjå på. Me hadde også ei framføring av wikiane. Der me framførte det stoffe som me hadde arbeidet med i denne perioden. Då fekk me også sjå korleis dei andre wikiane såg ut. Det var ganske gøy for alle wikiane hadde sitt eiget særpreg ettersom kva for ei gruppa den var laga av. Eg syns det var kjempe kjekt å arbeide på denne måten her. Eg tippar at me får arbeide på denne måten her meir ettersom Frode såg kor kjekt me hadde det, og kor mykje energi me la ned i arbeidet. Me fekk eit bra resultat syns eg også.
Kilder:
B.H. Dahl med flere, 2007, Grip Teksten Vg2, Aschehoug, side 26-40 og 279-281
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar