torsdag 11. februar 2010

Referat frå noveller

”Få meg på” av Olaug Nilssen
Denne teksta handla om ei jenta som er på veg til skulen. Ho høyra på musikk på engelsk, og syngje med på norsk. Ho går der å dagdrøyme om at ho skal bli intervjua av ein reporter ho likar. Ho veit kva ho skal svara om ho får eit spørsmål. Ho skal nemleg svara at alt ho ønskje seg er å bli elska. Då bler alt så mykje enklare. Ho førestillar seg korleis det hadde vore å bli intervjua, men klokka er jo berre halv sju om morgonen. Ho vil så gjerne på fjernsynet. Ho vil så gjerne bli sett av ein spesiell person.

”Nygift” av Frode Gytten
”Nygift” handlar om eit par som har vore gift i ½ år. Dama kommer over eit vekeblad med ein tekst kor hu kjennar mannen sin igjen. Ho las for ei gamal dama. Det er liksom ei novelle kor det bler skildra kva dei to har opplevd saman. Det er skildra ting som har skjedd etter at dei gifta seg. Det suns ho er litt rart for det er berre dei to som veit om akkurat det som står der. Ho trur at det er eksen til mannen hennas som har skrevet teksta. Temaet i denne novella er sjalus, og usikkerheit til å binde seg til ein person resten av livet. Ho går og ringjer mannen sin etter på berre for å sjekke at han er heima, og det er han.

”Den grøne kommoden” av Slema Lønning Aarø
I denne novella handlar det om ei dama som gjer det slutt med kjærasten sin. Etter eit heilt år. Ho seie ho har vore utru. Alt han kan tenkje på er den grøne kommoden som ho sitt på når ho forteljar han det. ”Den er hans” tenkjar han og ”den skal han ha”. Han har alle tinga sine i den, dei likar seg der trur han. Det er mange ting oppi der som betyr mykje for han. Ting som dei for eksempel har gjor saman. Det verker som om det er den einaste tingen dei har felles, denne grøne kommoden. Ho sitt der og håper at han skal gret, men han gjer ikkje det. Alt han seiar er at han vil ha den grøne kommoden. Då er det ho som begynnar å gret. Kommoden bler på ein måte eit symbol på kva dei har hatt saman.
Teamet har noko med eit forhold å gjer, at ein vil ha minnar frå forholdet.

Kjenneteikn på desse novellene:
-Spesiell hending
-Få personar
-Kort tidsrom
-Følgjer ei spennings kurv
-Løysninga er overraskande og kort
-Forteljar måten gjer at teksta bler kort
-Forteljar ofte om tankane til hovudpersonen

Referat frå sakprosatekstar

”Det folk vil ha” av Are Kalvø
Det er vel eigentleg ikkje før i slutten at me får vita kva hensikta med denne teksta var. ”Ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller. Er det dette folk vil ha?” Gjentar han heile tida. At alle ikkje er like, men at alle ikkje er ”Ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller” hellar. Poenget med denne teksta var at alle måtte gå å sjå ein revy. Det var rett og slett ein reklame for ein revy. Eg veit ikkje kvifor ein revy det var snakk om, men denne teksta gjorde sånn at eg vil gå å sjå revyen. Hovudsynet hans er at folk vil ha forskjellige ting. Men likevel så vil alle ha og høyre det negative med ting, slik som i nyheitene.

”Gjør leksene dine gut” av Are Kalvø
Han snakkar først om at skuleelevar må gjer leksene sine, ikkje utsette det til siste stund. Så samanliknar han dei med politikarane som er mektige folk som utsettar ting heile tida. Alle er slik. Det handlar om å disponera tida si fornuftig. Så drar han også inn folka som er med på klimaforhandlingane. Han samanliknar skule elevar som ikkje gjer leksene sine, med klimaforhandlare og politikare som ikkje disponerar tida si fornuftig. Det er litt meir alvorligare då. Når det handlar om klimaet vårt, verda vår. Poenget er at jo lengre du utsetter ting, jo meir stress bler det. Då tenkjar du ikkje like klart, det bler mykje klipp og lim. I tillegg bler mykje skivefeil.

”Ikkje Amerika, men Amerika” av Kjartan Fløgstad
Her skriv Kjartan Fløgstad om striden mellom Nord-Amerika og Sør-Amerika i skulane. Som då altså er striden mellom bokmål og nynorsk i skulane. At det er gjort undersøkingar om kva elevar aller helst vil lære noko om. Då falt valet på Nord-Amerika. Altså bokmål. Heile 90% av alt som bler sagt om Amerika i dag handlar om Nord-Amerika, som då vil seie at 90 % av det som bler sagt på skulen bler sagt på bokmål. Så skriv han at Oslo bør gå inn for å stryka Sør-Amerika frå kartet, og kun konsentrera seg om å undervisa om Amerika. Dei bør stryka nynorsk frå læreplanen, og berre lære bokmål. Sør-Amerika skal heilt vekk frå kartet, det skal bli erstatta med eit blått hav slik at det skal vera enklare får Oslo skulane. Det virka for meg som at han er med på å få nynorsk vekk frå skulen.