mandag 7. september 2009

Korleis eg lerar best nynorsk

Det eg lærer nynorsk best av er å arbeide med grammatikk oppgåver. Oppgåva som Frode gjer oss eller oppgåva som ligg på internett. No i det siste har me hatt ein periode kor me skal ha arbeidet med nynorsk. Enten grammatikk, lesa eit kåseri og greie ut om hovudsynspunkta i det utvalde, eller lesa ein teikneserie og grei ut om verkemiddel og bodskap i teikneserien. Eg valde då å arbeide med grammatikk for det er det eg slit med i nynorsk.

Frode la ut ei side kor me kunne gå inn å gjer oppgåva om nynorsk grammatikk. Her kunne me gjer alt i frå verb bøying til vanskelege ord. Eg fan ut masse som eg ikkje kunne frå før av. Eg var ganske dårleg på spørjeord, men når eg fyrst lærte meg det så var det lett. Oppgåvene som var der inne var blanding av lett og vanskeleg. Eg begynte med dei lette oppgåvene, når eg fekk det til begynte eg på dei vanskelege.

Ein annan måte eg lærer nynorsk på er å sjå episodar av ”Typisk Norsk”. Det programmet er både lærerikt og gøyalt. I ”Typisk Norsk” har dei alltid noko gøyalt eg kan forbinde nokon ord med. Det gjer slik at eg hugse ord som er forskjellige frå bokmål til nynorsk.

1 kommentar:

Frode sa...

Flott at du får utbytte av grammatikkoppgavene - forstett med å bruke de selv om vi ikke jobber aktivt med de på skolen.