torsdag 11. februar 2010

Referat frå sakprosatekstar

”Det folk vil ha” av Are Kalvø
Det er vel eigentleg ikkje før i slutten at me får vita kva hensikta med denne teksta var. ”Ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller. Er det dette folk vil ha?” Gjentar han heile tida. At alle ikkje er like, men at alle ikkje er ”Ca. sekstitre år gamle sure snikfotograferande trampolinehoppande onanistar med beige skjorte og briller” hellar. Poenget med denne teksta var at alle måtte gå å sjå ein revy. Det var rett og slett ein reklame for ein revy. Eg veit ikkje kvifor ein revy det var snakk om, men denne teksta gjorde sånn at eg vil gå å sjå revyen. Hovudsynet hans er at folk vil ha forskjellige ting. Men likevel så vil alle ha og høyre det negative med ting, slik som i nyheitene.

”Gjør leksene dine gut” av Are Kalvø
Han snakkar først om at skuleelevar må gjer leksene sine, ikkje utsette det til siste stund. Så samanliknar han dei med politikarane som er mektige folk som utsettar ting heile tida. Alle er slik. Det handlar om å disponera tida si fornuftig. Så drar han også inn folka som er med på klimaforhandlingane. Han samanliknar skule elevar som ikkje gjer leksene sine, med klimaforhandlare og politikare som ikkje disponerar tida si fornuftig. Det er litt meir alvorligare då. Når det handlar om klimaet vårt, verda vår. Poenget er at jo lengre du utsetter ting, jo meir stress bler det. Då tenkjar du ikkje like klart, det bler mykje klipp og lim. I tillegg bler mykje skivefeil.

”Ikkje Amerika, men Amerika” av Kjartan Fløgstad
Her skriv Kjartan Fløgstad om striden mellom Nord-Amerika og Sør-Amerika i skulane. Som då altså er striden mellom bokmål og nynorsk i skulane. At det er gjort undersøkingar om kva elevar aller helst vil lære noko om. Då falt valet på Nord-Amerika. Altså bokmål. Heile 90% av alt som bler sagt om Amerika i dag handlar om Nord-Amerika, som då vil seie at 90 % av det som bler sagt på skulen bler sagt på bokmål. Så skriv han at Oslo bør gå inn for å stryka Sør-Amerika frå kartet, og kun konsentrera seg om å undervisa om Amerika. Dei bør stryka nynorsk frå læreplanen, og berre lære bokmål. Sør-Amerika skal heilt vekk frå kartet, det skal bli erstatta med eit blått hav slik at det skal vera enklare får Oslo skulane. Det virka for meg som at han er med på å få nynorsk vekk frå skulen.

Ingen kommentarer: